Taleroboten til UiO har fått 8000 brukarar – Uniforum – UiO

Ein månad etter lanseringa har UiOs eigenutvikla talerobot GPT UiO fått 8000 brukarar. – Det er me godt nøgde med, men me håpar på endå fleire, seier seksjonssjef Dagfinn Bergsager i IT-avdelinga.
VEIT KVA DEN ER GOD TIL:  – No veit me at GPT UiO er god på å laga tekst, skriva referat og samandrag og til å omsetja, konstaterer seksjonssjef Dagfinn Bergsager i IT-avdelinga på UiO etter å ha testa den i rundt ein månad.
Det var i november i fjor, Open AI lanserte taleroboten sin ChatGPT i nært samarbeid med storinvestoren og megaselskapet Microsoft. Gratisversjonen blei raskt svært populær, og dei aller største entusiastane kjøpte også abonnement på oppfylgjaren ChatGPT-4. På Universitetet i Oslo var det fleire som kom med kritikk fordi dei meinte UiO ikkje var tidleg nok på bana med å ta i bruk kunstig intelligens i forsking og undervisning.
• Les meir i Uniforum: Best når det ikke gjelder – pedagogisk støtte i krisetider
Dei fekk eit konkret svar for ein månad sidan. For då hadde UiO klar sin eigenutvikla talerobot GPT UiO.
– Den er basert på ChatGPT 4, men den er strippa for alle dei tinga som gjer at ChatGPT og ChatGPT-4 ikkje kan brukast i forsking og undervisning på UiO, fortel seksjonssjef Dagfinn Bergsager som leier arbeidet med å utvikla ein eigen versjon for tilsette og studentar på Universitetet i Oslo.
 – Grunnen til at Open AI sin ChatGPT er problematisk, og ikkje kan nyttast til forsking og undervisning her på universitetet, er at me ikkje får kontroll over dataflyten. Derfor jobbar me heller ikkje med å få til ordningar som gjer den legal, presiserer han overfor Uniforum.
Svaret på dette er utviklinga av GPT UiO, ein talerobot utvikla av IT-avdelinga, og der UiO har full kontroll på dataflyten.
– Den byggjer på Microsofts plattform, men all data ligg på serverane til Universitetet i Oslo. Skilnaden på vår versjon og originalversjonen er også at Microsoft ikkje får vita namnet på den som spør om noko, og selskapet får heller ikkje lagra og læra av data frå UiO, understrekar Dagfinn Bergsager.
Målet er at GPT UiO også skal kunna nyttast som ein viktig reiskap for tilsette og studentar på UiO.
– Alt ligg til rette for at den kan brukast både i forsking og undervisning. UiO har utvikla fleire språkmodellar. No veit me at GPT UiO er god på å laga tekst, skriva referat og samandrag og til å omsetja, konstaterer han etter å ha testa den i rundt ein månad.
No er det viktig for å han å understreka at undervisarane må vera opptekne av å læra studentane kritisk tenking på nytt.
– Før måtte me vera kritiske til det andre tenkte. No må me vera kritiske til det nokon aldri har tenkt før, er det store paradokset han peikar på.
– For me ser at slike GPT UiO til liks med andre GPT-modellar, finn på ting som ikkje har skjedd, legg han til.
UiOs eigen talerobot GPT UiO kan alle studentar og tilsette få bruka.
– Og den er heilt gratis med fri tilgang til GPT-4. UiO betalar heile lisensen til Microsoft, og i oktober reknar me med å¨betala om lag 10 000 kroner, trekkjer han fram, og han synest UiO slepper billeg unna.
Det er heller ikkje alt som har gått knirkefritt med originalversjonen Open AI sin ChatGPT.
– Den oppfyller ikkje reglane for universell utforming. GPT UiO skal fungera for alle og er 100 prosent universelt utforma., fortel Bergsager.
Så langt har 8000 tilsette og studentar på UiO tatt i bruk GPT UiO. Om kort tid kan det bli langt fleire. For no har også Handelshøyskolen BI stadfesta at den vil ta i bruk GPT UiO for sine studentar og tilsette.
– Dei må også kalla den for GPT UIO. Det blir merkenamnet vårt, seier Bergsager.
IT-avdelinga har funne ut at det går fint å ha 500 brukarar inne på applikasjonen samtidig.
– Om tre veker skal me ha funne ut om det er mogleg å lata 1000 personar vera inne på ein gong, fortel han.
Akkurat då Uniforum snakka med Dagfinn Bergsager var GPT UiO veldig streng med sensuren.
– Den gav meg ikkje lov til å skriva «villsvin» . Og det er altfor strengt, synest han. Nokre dagar etterpå har han sloppe taket i denne sensuren.
– No er den ikkje så strikt lenger. Etter søknad til Microsoft har alle filtra blitt fjerna frå GPT UiO, slik at det er lettare å finna all type informasjon, opplyser Dagfinn Bergsager til Uniforum.
No ser han fram til tilbakemeldingar og innspel frå studentar og tilsette som har tatt i bruk GPT UiO.
– Dessutan håpar me at forskararar ikkje berre tar i bruk GPT UiO, men også begynner å forska på bruken av den. Og undervisarane må gjerne innføra obligatoriske oppgåver som studentane skal få lov til å løysa med GPT UiO, er oppfordringa frå Dagfinn Bergsager.
Uniforum har tatt kontakt med pedagogikkprofessor Sten Ludvigsen for å høyra vurderinga hans av taleroboten til UiO. Sjølv har han og fagfellane hans på Det utdanningsvitskaplege fakultetet halde eit kurs for undervisarar i korleis studentane på UV-fakultetet brukar Chat GPT og korleis den kan brukast i undervisninga.
– Generelt meiner eg at UiOs løysing er veldig bra og at ein slik ressurs og veit slikt verktøy kan og bør brukast i fleire typar av undervisning, seier han.
Ludvigsen understrekar også at den vare på regelverket innanfor GDPR.
– Bruken må likevel tilpassast faget og kunnskapsdomenet, seier Sten Ludvigsen til Uniforum.
No peikar han på at den vidare utviklinga av GPT UiO må ta nye steg.
– Det gjeld å få i gang fakulteta og institutta slik at fagnivåa i den vidare utprøvinga kan involvera studentane, noko som er kjempeviktig, synest han.
For etter hans meining handlar det ikkje berre om tilrettelegging.
 – For det omfattar også korleis data som blir henta inn kan brukast i forsking og undervisning, trekkjer han fram.
Også førsteamanuensis Cato Alexander Bjørkli på Psykologisk institutt har prøvd ut Chat GPT-3 og -4. Han underviser i arbeids- og organisasjonspsykologi, og han har også testa ut GPT UiO. 
– Eg set pris at UiO tar del i utviklinga og tilgangen på generative språkmodellar som Chat GPT er eit  døme på og at UiO tilrettelegg for bruk der omsynet til vern av persondata er med.
For Bjørkli er teknologien bak utviklinga av desse talerobotane imponerande.
– Konsekvensen  av ein ukritisk bruk av generative språkmodellar i samfunnet er at det blir vanskeleg å kontrollera data og korleis dei blir brukt, fryktar han.
Sjølv har han tatt i bruk  ulike språkmodellar i typiske arbeidsoppgåver – som til dømes ved bruk av Excel, SPSS og Powerpoint.  Ein ny og spennande bruksmåte er at han kan forklara i naturleg språk kva problem ein prøvar å løysa ved å bruka eigne ord – der talerobotane kjem tilbake med gode svar og løysingar.  
– Det er likevel når eg treng å programmera noko, den har vore til mest hjelp. For eg har ikkje tatt kurs i Python. ChatGPT kan då hjelpa meg til å utføra elementær programmering, seier han.
Bjørkli synest at GPT UiO gir masse kunnskap, men den stiller ingen krav til den som spør etter denne kunnskapen.
– Bruk av språkmodellar er eit toegga sverd. På den eine sida får me mange svar og forslag. Men samtidig er det uklart kor gode svara er. Brukarar av til dømes ChatGPT.  må ha kompetanse til å vurdera om det er gode eller dårlege råd me får frå taleroboten, synest han. 
Bjørkli er overtydd om at utviklinga av ChatGPT vil skapa store endringar.
– Det er starten på ein teknologi som vil gripa langt inn i samfunnsutviklinga, seier han. 
Han åtvarar mot at me er umedvitne overfor påverknaden private selskap har innanfor kunstig intelligens.
– Kva betyr etisk forsvarleg og berekraftig bruk av kunstig intelligens (KI)? Kva blir kravd at studentar og arbeidstakarar for å bruka det på ein konstruktiv og robust måte?  Det er ei stor utfordring. UiO har ei viktig oppgåve i stå støtt i ei slik utvikling, meiner Cato Alexander Bjørkli.
• Les meir om kunstig intelligens:
Regjeringa gir ein milliard til forsking på kunstig intelligens
Sier studenter er usikre på hva slags bruk av kunstig intelligens som er lov
UiO vil ikke lage felles retningslinjer for kunstig intelligens
Pedagogikkprofessor: – Chatboter er en ressurs som studentene må øve seg på å bruke
MatNat har laget nettside med råd om ChatGPT
 
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere
Hver uke sender vi deg ferske nyheter fra UiO.
Om oss
Bruk av informasjonskapsler
E-post: uniforum@admin.uio.no
Martin Toft

source

Jesse
https://playwithchatgtp.com